Ut og stjæle scener

Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen frå Tryllefløyta? Alt, kanskje?
Ut og stjæle scener er eit konsept der improvisatørane frå Det Andre Teatret dukkar opp hos eit anna teater og «stel» eit scenerom. Der improviserer dei fram ein ny einaktar basert på scenografien som står i rommet, komplett uvitande om korleis teateret sjølv har brukt inventaret. Denne kvelden er det scenografien til Tryllefløyta på Det Norske Teatret som blir invadert og gitt ny meining. Ein kan vente seg spontan ekspertise på wienerklassismen, skeive tonar, og kanskje blir det morosamt også, kven veit?
Ein treng ikkje å ha sett Tryllefløyta for å få noko ut av den nye einaktaren, det har trass alt ikkje utøvarane gjort heller.
Du kan kanskje se disse på scenen
Info
-
Scene
Det Norske Teatret (Hovedscenen) -
Spilles
- Fredag 29. september kl.20:00
-
Varighet:
- ca 60 minutter uten pause
-
Idé og regi Veslemøy Mørkrid
- Med Marte Mørland, Stian Gulli, Andreas Tønnesland, Olli Wermskog og Veslemøy Mørkrid
- Lydimprovisatør: Simon Mørland
-
OBS! Denne forestillingen spilles IKKE på Det Andre Teatret. Vi går ut og stjeler Det Norske Teatret i Oslo!